Påbygging til generell studiekompetanse

Elevar som jobbar saman

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velje påbygging til generell studiekompetanse?

Påbygg til generell studiekompetanse passar for deg som har fullført yrkesfagleg utdanning og ynskjer generell studiekompetanse. Med generell studiekomptanse kan du søkje deg vidare på både høgskule og universitet, der du kan byrje på den utdanninga du ynskjer. Dersom du har fagbrev kan du etter å ha fullført påbygging til generell studiekompetanse utdanne deg vidare innan yrkesfaget du har fagbrev i. 

I Årdal har me eit lite og godt miljø. Lærarane er tilgjengelege og me strekker oss langt for å tilrettelegge for deg som elev, også deg som pendlar eller bur på hybel her. På påbygg til generell studiekompetanse er lærarane engasjerte og fagleg dyktige. 

Dersom du søker etter to års yrkesfagleg program, vil du få 30 undervisningstimar per veke (vg3). Søker du deg derimot inn etter oppnådd yrkeskompetanse vil du få 25 undervisningstimar per veke (vg4).

vilbli.no finn du meir informasjon om påbygging til generell studiekompetanse.