Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Bilete syner helsesjukepleiar Maria Styve Øren som sit på arbeidsplassen sin på kontoret. Ho har kvit gensar og smiler imøtekomande.

Skulehelsetenesta er ein del av det kommunale helsetilbodet og skal bidra til betre helse for ungdom i ei viktig fase i livet. Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod som vil seia at det skal vere enkelt å ta kontakt. Dette er eit tilbod til alle elevar ved skulen.

Skulehelsetenesta ved Årdal vidaregåande skule

For at du som elev skal få den hjelpa du treng og har krav på, samarbeidar helsesjukepleiar med skulen, foreldre og andre instansar. Dette skjer sjølvsagt i samarbeid med deg. Helsesjukepleiar henviser til annan hjelpeinstans dersom det er ynskje om det. Skulehelsetenesta i den vidaregåande skulen tilbyr tenester som:

  • Støttesamtalar og oppfølging.
  • Helseopplysning og rettleiing.
  • Hjelp til å kontakte andre fagpersonar og henvisningar dit.
  • Samarbeid med elev, heim og skule.

 

Du kan ta kontakt vedrørande seksualitet, prevansjonsrettleiing og resept, seksuelt overførbare infeksjonar, graviditet/abort, røykeslutt, rusproblem, søvnproblem, spiseproblem, fysiske plager, psykososiale problem, stress knytt til skulekvardagen eller andre ting du måtte ha behov for å snakke om. Det kan vera godt å ha ein vaksen å snakka med når ein strevar eller berre vil drøfta utfordringar ein står ovanfor. Du treng ikkje ha eit spesielt problem for å ta kontakt.

Helsesjukepleiar har teieplikt, tilbodet er gratis og samtalane blir ikkje registrert som fråvær.