Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje teknologi- og industrifag?
I Årdal har me dyktige og engasjerte lærarar. Skulen har eit breitt og godt samarbeid med bedrifter innan fagområdet. Vi har samarbeidsavtalar med lokalt og regionalt næringsliv, og nyttar bedriftsbesøk og yrkespraksis som ein viktig del av opplæringa.
Skulen legg vekt på elevane sin trivsel og medverknad i skulekvardagen. Ein stor del av undervisninga er praktisk retta. Vi nytter moderne, teknisk utstyr i undervisninga og har gode verkstader på skulen.
Entreprenørskap og arbeid med ungdomsbedrifter er eit satsingsområde hjå oss.
Vg1 teknologi- og industrifag gir mange moglegheiter vidare. I Årdal kan du velje mellom vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag og vg2 industriteknologi.