Hopp til hovedinnhold

Rådgjevarane våre

Treng du gode råd kring framtida di, kva utdanning du skal velje eller kva yrke du skal satse på? Treng du ellers litt hjelp til å finne deg til rette i det faglege, på skulen generelt, eller ellers i livet? Då kan ein rådgjevar vere til god hjelp.

Saman med ein rådgjevar kan det vere enklare å orientere deg om dei ulike utdanningsvala du kan ta i Noreg og andre land. Kanskje treng du litt hjelp til å bli klar over eigne interessar og forutsetningar? Ein rådgjevar kan hjelpe deg til betre sjølvinnsikt, slik at du kan ta betre valg for framtida di. 

Ein rådgjevar skal óg jobbe for å integrere etniske minoritetar, utjevne sosiale forskjellar, ha fokus på likestilling og sikre at flest mogleg av våre elevar fullfører det 13-årige utdanningsløpet. 

Rådgjevarane våre er tilgjengelege i åpningstida til skulen og du finn dei i administrasjonsfløyen. 

 

Ta kontakt med rådgjevar.

Har du spørsmål? Vi vil gjerne hjelpe deg. 

Monica Vigdal

Rådgjevar

Hanne Wigdahl Huun

Rådgjevar for tilpassa opplæring
Hanne Wigdahl_Huun.jpg