Seks elevar frå tre ulike skular deltok i fylkesmeisterskapet. Kvar skule stilte med to deltakarar som representerte skulen sin i konkurransen.
Tysdag 3.mars arrangerte Årdal vgs fylkesmeisterskap for Kjemiprosess- og laboratoriefag.
I tillegg til Årdal, deltok lag frå Høyanger og Bergen.
Kvar skule hadde to representantar kvar.
''Det er første gong det blir konkurrert i dette i Vestland fylkeskommune'', fortel lærar ved Årdal vidaregåande skule, Linda Nordheim.
Deltakarane konkurrerte i kjemisk titrering, prosessforståing og temperaturmåling og vart vurdert av dommarar frå Hydro AS.
Meisterskapet vara i tre timar, og elevane fekk ein time på kvar arbeidsstasjon.
Det vart ein jamn konkurranse, men til slutt stakk laget frå Bergen av med sigeren framfor Årdal som tok 2.plassen.
Desse to laga gjekk vidare til NM-finalen som vert arrangert av Ringsaker vidaregåande i midten av april.
Me er ekstra stolte av våre elevar ved Årdal vgs: Ronja Henjum Skjerven og Sondre Svarstad Vinjor. Gratulerar!
