Også i år var vi så heldige at vi fekk moglegheita til å sende seks elevar frå yrkesfag på to veker utplassering via Erasmus+. I år gjekk turen til Tyskland og Ludwigsfelde. Ein by med omlag 30.000 innbyggjarar som ligg ei mil sør for Berlin.
Dei heldige utvalde
Like etter nyttår starta vi prosessen med å velje ut kva elevar som skulle få delta på utplasseringa i år. Alle vg2 og vg3 elevar på yrkesfag fekk moglegheita til å søke, og måtte da sende inn både CV og personelg tekst. Dette blei også ein fin måte for dei å øve seg på, da dei like etter skulle sende ut søknadar om læreplass. Deretter venta det eit intervju med rektor og her var dei alle saman imponerande flinke! Dei veksla frå norsk til engelsk utan å blunke, og presenterte seg sjølv på ein framifrå måte. Det var derfor ikkje enkelt for Geir Kjetil å ta det endelege valet, men til slutt var det Lina og Bjørnar frå kjemiprosess- og laboratoriefag, Jonas og Edvin frå industriteknologi og Heine og Orve frå automasjon som kunne begynne å planlegge tur til Tyskland.
Spanande bedrifter
I planlegginga av turen fekk vi god hjelp frå Jana Boese som er tilsett ved eit industri- og handelskammer i Tyskland. Dette gjorde at vi var sikre på at det var gode, seriøse bedrifter som tok i mot elevane våre. For eit par av bedriftene var det fyste gongen dei tok i mot elevar frå utlandet og dei var omlag like spente som oss.
Coca-cola
Heine og Lina blei utplassert hjå Coca- Cola og hadde ulike arbeidsoppgåver tilpassa læremåla dei hadde satt seg på førehand. For Lina som går kjemiprosess- og laboratoriefag føregjekk det meste av arbeidet på lab der dei utførte ulike kvalitetstestar av emballasje og innhald. Heine jobba med automatikarane på vedlikehaldsavdelinga i bedrifta. Her fekk han varierte oppgåver som gjekk på reperasjonar, oppkopling av lyskjelder og anna. Både Lina og Heine kunne melde tilbake om to lærerike veker med varierte oppgåver og kjekke folk.
Mykje nytt utstyr å sette seg inn i hjå coca-cola



Gestamp
Orve og Bjørnar jobba hjå Gestamp. Dette er ein ny installasjon som berre har våre i drift i to år. Gestamp er ei bedrift som arbeider med design, utvikling og produksjon av metallkomponentar til bilindustrien. Her jobba dei med ulike oppgåver innanfor sitt fagfelt, Orve innanfor automasjon og Børnar innanfor kjemiprosess- og laboratoriefaget.
Eit innblikk i arbeidsdagane hjå Gestamp



Mercedes
Edvin og Jonas som begge går industriteknologi hadde utplasseringa si hjå Mercedes. Her fekk dei mellom anna jobbe med vedlikehald av ein manuell sveisepistol og demontering og vedlikehald av ein produksjonsrobot. I tillegg til dette fekk dei prøve seg på måling og testing av ein robotsveisepistol. Begge to lærte mykje nytt, både om faget sitt, men også om korleis arbeidskulturen kan vere anleis utanfor Noreg - " Me måtte blant anna handhilse på kollegane våre når arbeidsdagen byrja og når me skulle gå for dagen", seier Edvin. Dette er nok litt meir formelt enn dei vil oppleve det når dei byrjar som lærlingar til hausten.
Spanande dagar hjå Mercedes



Ikkje berre fagleg
Elevane budde saman i ei leilighet og nytta fritida til å vere sosiale i lag. Dei utforska Ludwigsfelde og reiste også saman ei helg til Berlin. Der fekk dei oppleve nokre av den tyske hovudstaden sine mange attraksjonar, ete god mat og handla i butikkane.
Helgetur til Berlin


