Seks elevar frå yrkesfag fekk også i år høve til å delta på ei to veker lang utplassering gjennom Erasmus+. Erasmus+ er EU sitt program som gir elevar og lærarar moglegheit til å reise til andre land for å lære, samarbeide og få nye erfaringar. I år som i fjor gjekk turen til Ludwigsfelde i Tyskland, ein industriby sør for Berlin med om lag 30 000 innbyggjarar.
Grundig utveljing
Etter nyttår starta arbeidet med å velje ut deltakarane.
Alle elevar på vg2 og vg3 yrkesfag kunne søke, og måtte levere både CV og ein personleg tekst.
Dei som gjekk vidare, vart kalla inn til intervju med rektor.
Her imponerte elevane stort ved å presentere seg sjølve på både norsk og engelsk.
Til slutt vart desse seks valde ut:
- Johannes og Simen (kjemiprosess- og laboratoriefag)
- Henrik og Markus (industriteknologi)
- Thomas og William (automasjon)
Arbeid i internasjonale bedrifter
Gjennom eit tett samarbeid med ein lokal kontakt i Tyskland vart det sikra praksisplassar i seriøse og relevante bedrifter.
Hos Coca-Cola arbeidde Johannes på laboratoriet med eige prosjekt der kan sjekka Co2 nivået til flasker mm, medan William fekk erfaring frå vedlikehaldsarbeid og tekniske oppgåver. Det vart produsert mellom 17.000 og 21.000 flasker i timen då dei var der.
Thomas og Simen hadde praksis hos Gestamp, ei moderne verksemd som produserer metalldelar til bilindustrien. Nokre av arbeidsoppgåvene var feilsøking på anlegg og vedlikehaldsoppgåver.
Henrik og Markus var utplasserte hos Mercedes, der dei arbeidde med vedlikehald av utstyr, korleis ein robot er oppbygd og korleis ein styrer den og testing av sveiseutstyr.
Felles for desse bedriftene er at produksjonslinjene er styrte av robotar.
Elevane fekk også erfare at arbeidskulturen skil seg noko frå den norske. I Tyskland er det vanleg å handhelse på kollegaene både ved arbeidsstart og når ein avsluttar dagen.
Elevane har også utvikla seg ved å bli betre på samarbeid, meir sjølvstendige og flinkare til å ta initiativ, som å starte samtalar og stille spørsmål.
Coca cola



Gestamp



Mercedes



Sosialt og lærerikt opphald
Elevane budde saman i ei leilegheit, noko som la til rette for eit godt sosialt fellesskap. Her fekk dei også ein smakebit på vaksenlivet og måtte klara seg sjøv store delar av opphaldet og finne ut av ein del ting på eigenhand.
I løpet av opphaldet tok dei også ein helgetur til Berlin, der dei mellom anna var på fotballkamp og utforska byen med elsparkesykkel.
Helgetur til Berlin



Verdifull erfaring
Opphaldet bidrog til både fagleg og språkleg utvikling, og gav elevane nyttige erfaringar frå eit internasjonalt arbeidsliv. Slike opplevingar er eit godt fundament for vidare utdanning og yrkeskarriere.
