Hopp til hovedinnhold

Velkommen til skulestart 2025

Måndag 18.august opnar vi dørene for eit nytt og spennande skuleår - anten du er ny elev som skal ta dei første stega på vidaregåande skule, eller ein kjent elev som er klar for siste året. Vi gler oss til å fylle gangane med liv, læring og gode samtalar igjen.

Eit nytt skuleår står for døra, og ved Årdal vidaregåande skule er vi klare til å ta imot både nye og kjende elevar. Skulestart markerer ei tid for forventningar, spenning og nye moglegheiter. Nokon møter opp for aller første gong, medan andre går inn i sitt andre eller tredje år - alle med kvar sin bakgrunn og draumar for framtida.

Vi veit at overgangen frå sommarferie til skulekvardag kan vere stor. Difor legg vi vekt på å skape eit trygt og godt læringsmiljø frå første dag. Gjennom oppstartsaktivitetar, bli kjent øvingar og god oppfølging frå lærarane vil vi sikre at alle får ein god start. Her skal det vere rom for å vekse - både fagleg og sosialt.

Ved Årdal vgs er vi stolte av å vere ein inkluderande skule der alle vert sett. Enten du går studiespesialiserande, yrkesfag eller på tilrettelagt opplæring, vil du finne engasjerte lærarar og eit støttande miljø som ønskjer at du skal lukkast.

Alle elevar - både nye og gamle - møter i kantina måndag 18. august kl. 09.55.

Der vil du få viktig informasjon om dagen og skuleåret, møte kontaktlærar og medelevar, og få vite kven som jobbar på skulen. Det blir ei lita felles samling før de går vidare til klasseromma.

Vi gler oss til eit nytt år fullt av læring, meistring og gode opplevingar. Velkommen til skuleåret 2025-2026.