Hopp til hovedinnhold

Gratis leige av skulelokale for aktivitetar for born og ungdom.

Lærar og elevar som spelar bordtennis på skulen.

No kan frivillige lag og organisasjonar søke om gratis leige av lokale ved Årdal vidaregåande skule. Skulen tilbyr inntil 15 timar i veka med gratis leige til frivillige lag og organisasjonar som driv aktivitetar der fleirtalet av deltakarane er under 20 år. Tilbodet gjeld til dømes aktivitetar som kor, teater, dans, idrett eller likande.

Utleige på Årdal vgs

Ved Årdal vidaregåande skule kan de søkje om å leige kantinelokalet vårt og/eller klasserom. Klasseromma rommar om lag 30 personar og kantina ein del meir, avhengig av kva aktivitetar den skal nyttast til. Til orientering leiger vi ikkje ut kjøkkenfasilitetar og har heller ikkje garderobar/dusj tilgjengeleg.

Frå 1. august 2025 vil kontaktperson hjå oss vere Anja Magnussen Brun.

Søknadsfristar

For hausthalvåret: 1.juni (10. august for hausten 2025)
For vårhalvåret: 1. november

Korleis søke

Her kan du sende inn søknad om å få leige lokale på Årdal vgs.