- Elektro og datateknologi
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Velkommen til skulen vår
Inst i Sognefjorden, blant dalar og høge fjell, ligg nasjonalparkkommunen Årdal. Her finn du Årdal vidaregåande skule, som i dag har 155 elevar og kring 40 tilsette. Du vil finne informasjon om skulen og utdanningsprogram, både her på heimesida og i brosjyren vår.
Meiropplæring i fag frå vidaregåande skule
Dersom du har gjennomført opplæring og fått karakteren 1 eller IV i eit eller fleire fag, kan du har rett til meir opplæring i faget. Opplæringa skal føre fram mot ein ny standpunktkarakter. Dersom du ønskjer meir opplæring skuleåret 25/26, må du melde frå til oss innan 1. juli.
Skal du starte på Årdal vgs til hausten og treng ein plass å bu?
Miljøkoordinator på Årdal vgs har god kjennskap til leigemarknaden i Årdal og ønskjer å hjelpe alle som skal starte på Årdal vgs til hausten og treng ein plass å bu.Aktuelle saker
Yrkesfagelevar på utplassering via Erasmus+
Også i år var vi så heldige at vi fekk moglegheita til å sende seks elevar frå yrkesfag på to veker utplassering via Erasmus+. I år gjekk turen til Tyskland og Ludwigsfelde. Ein by med omlag 30.000 innbyggjarar som ligg ei mil sør for Berlin.

Prisdryss på AlphaMekk UB i Førde
«Bedriften har kombinert solid fagkunnskap med kreativitet og høy kvalitet. De har utviklet en innovativ løsning som dekker et reelt behov, jobbet godt som team, og vist evne til å løse utfordringer effektivt underveis i produktutviklingen. Resultate...

3STA på klassetur
For tredje klasse på studiespesialiserande starta skuleåret med klassetur til Berlin. Dette har blitt ein tradisjon på Årdal vgs og er noko elevane ser fram til i lang tid. Ein slik tur kostar og for at det skal vere gjennomførbart, lyt dei vere krea...

Lån av lærebøker
Som elev i vidaregåande skule får du låne alle lærebøkene du treng. Lærebøker er dyrt og du som elev må difor signere ein lånekontrakt der du forpliktar deg til å ta godt vare på dei og levere dei inn igjen i god stand.
