Hopp til hovedinnhold

3STA på klassetur

For tredje klasse på studiespesialiserande starta skuleåret med klassetur til Berlin. Dette har blitt ein tradisjon på Årdal vgs og er noko elevane ser fram til i lang tid. Ein slik tur kostar og for at det skal vere gjennomførbart, lyt dei vere kreative og jobbe godt for å få inn nok pengar.

Dugnad

«Planlegginga starta allereie ved skulestart på vg2. Då delte me oss i ulike komitear som skulle ha ansvar for kvart sitt «prosjekt»; ein loppemarknadskomité, ein salskomité og ein lokalfestkomité. Det vart to rundar med sal av kakeboksar før jul, samt ein runde med sal av toalett papir, tørkerullar og mikrofiberklutar på våren. Då selde ein til familie og bekjente, i tillegg til nokre bedrifter» seier  Christoffer, Maiken, Natalie og Thea i 3sta. 

Ein stor del av pengane som blei samla inn kom frå loppemarknaden som blir arrangert av vg2-elevane på studie kvar vinter. Ved skulestart i fjor byrja dei å annonsera at årdølene kunne levera inn lopper. Når loppemarknaden fann stad i november var heile kantina og fleire klasserom fyllt opp av flotte ting som kunne seljast.

«Det var mykje arbeid både i forkant av og under loppemarknaden. Vi hadde eigentleg ikkje forventa at det skulle vere så mykje arbeid som det var, men det vart kjekt uansett. Vi tente godt denne helga og då blei arbeidet verdt det».

«I tillegg til dette, arrangerte me fleire lokalfestar førre skuleår. Der hadde vi ulike tema  for festane som til dømes «Halloween» og «glow-in-the-dark». Vi hadde også sal av kaker og pizza på aktivitetsdagen, samt at vi stilte med mat og bakst til «Grendacupen» for å tene litt ekstra» fortel dei vidare. 

Endeleg tid for Berlin

Nytt skuleår var knapt starta før det var tid for tredjeklassingane til å setje seg på bussen med destinasjon Berlin. 

I løpet av det seks dagar lange opphaldet var opplevingane mange, seier kontaktlærar Catrine Jevnaker. «Dei var på guida omvising i konsentrasjonsleiren i Sachsenhausen. Der fekk dei høyra om høva i leiren og korleis den var organisert. Det sat mange norske fangar i Sachsenhausen under andre verdskrig og for å heidre desse las elevane dikt og la ned blomster på det norske minnesmerke i leiren. På besøk i STASI-fengselet fekk dei sjå og høyre korleis den austtyske staten sitt sikkerheitspoliti brukte psykisk tortur for å pressa menneske for informasjon, overvake dei og sperre dei inne». I følgje elevane sat ein del av dei igjen med sterke inntrykk etter besøket i STASI-fengselet og Sachsenhausen, men dei opplevde det likevel som lærerikt.

Historiske bygningar og stadar som Berlinmuren, Brandenburger Tor og Alexanderplatz blei ein sjølvsagt del av programmet, men elevane hadde også ein del fritid som dei kunne nytta til valfrie aktivitetar og shopping.

Slik oppsummerar Christoffer, Maiken, Natalie og Thea turen; «Turen var innhaldsrik med mykje spanande på programmet. Med fleire felles måltid og aktivitetar, har det vore ei inkluderande og fin veka i Berlin. Me tykkjer det har vore eit kjempebra opplegg med mykje forskjellige aktivitetar, samtidig som me også har fått stått ein del fritt til å bestemme sjølv kva me ar hatt lyst til å gjere».