Hopp til hovedinnhold

Frå Årdal til Berlin - 3STA på tur!

Elevar i Tyskland

Etter månadar med dugnad og innsamlingsarbeid kunne endeleg 27 elevar frå 3STA setje kursen mot Berlin. Med både sosialt samvær, historiske opplevingar og mange nye inntrykk, har turen allereie gitt klassen minner dei seint vil gløyme.

3STA har no teke turen til Berlin, Tyskland - ein tur dei har jobba hardt for å samle inn pengar til. Turen har vore ein tradisjon ved Årdal vidareågande skule i mange år, men desverre har prisane etter kvart blitt så høge at dette truleg blir den siste klassen som får oppleve denne turen.

Turen starta tidleg utanfor Årdal vgs. 27 spente elevar, saman med reiseleiarane Anita og Monica, stod klare for avreise. Eit godt teikn på at elevane hadde gleda seg, var kanskje at enkelte allereie hadde møtt opp klokka 06.30. Bussen kom 06.45 og avreise klokka 07.00.

Første stopp- og første overnatting - var på Color Magic, den såkalla Kiel-ferja. I strålande sol la me frå kai i Oslo og sette kursen mot Kiel i Tyskland. Fint vær og roleg sjø gjorde overfarten til ei behageleg oppleving. Ombord stod elevane fritt til å finne på det dei sjølv ønskte. Her var det god tid til både shopping, avslapping og sosialt samvær. Felles måltid i buffeten var inkludert, og etter ein lang busstur var det mange som kjende at det freista med ei tidleg kveld.

Før turen gjekk vidare mot Oranienburg og Sachsenhausen, samla me oss til ein felles frukost. I Oranienburg vart me møtte av Annika, som er vår faste guide på desse turane. Me samla oss først til felles måltid før turen gjekk vidare til Sachsenhausen, der me fekk guida omvisning.

Besøket i Sachsenhausen var ei sterk oppleving som gav mange inntrykk og sette mykje i perspektiv. Ekstra skryt til elevane, som følgde godt med, stilte spørsmål og viste genuin interesse for det Annika fortalte. Me må også rette ei stor takk til Annika for svært god guiding og formidling. Ho gjorde timane både lærerike og spennande.

Ved det norske minnesmerket i Sachsenhausen stoppa me opp for ei eiga markering. me la ned roser og las diktet "Til ungdommen" av Nordahl Grieg. Det vart eit stille og fint augeblikk, og ei verdig avslutning på besøket. For elevane vart dette også ei påminning om historia og om kor viktig det er å ta vare på verdiane me i dag kanskje tek for gitt.

Turen gjekk så vidare til Berlin. Etter om lag ein time på bussen parkerte me ved hotellet der me skulle bu. Ein litt stressa gjeng sjekka inn før dei heiv seg avgarde til felles middag på L'osteria. Her kan me heller ikkje anna gjere enn å skryte av både god mat og god service.

Etter ein lang dag var det ein sliten, men fornøgd gjeng som gjekk tilbake til hotellet for litt avslapping og søvn.

Så langt kan i alle fall reiseleiarane melde om at det å vere på tur med denne gjengen er heilt topp. Elevane er positive, inkluderande og viser stor interesse for det me opplever undervegs. Det er tydeleg at dette er ein tur dei set pris på, og som dei har gledd seg lenge til.

No ventar fleire dagar med nye opplevingar, mykje latter, shopping og ikkje minst tid saman i Berlin. Dei gler seg til å sjå kva resten av turen har å by på - og ikkje minst til å lage fleire gode minner saman!