Hopp til hovedinnhold

Erasmus+ informasjon for yrkesfag

Erasmus+

Gjennom Erasmus+ får seks elevar frå yrkesfag moglegheit til to veker med utplassering i ei utanlandsk bedrift etter påske. Dette er ein unik sjanse til å få internasjonal arbeidserfaring, utvikle deg fagleg og oppleve ein annan arbeidskvardag.

I fjor gjekk turen til Ludwigsfelde i Tyskland, der elevar fekk praksis hos Coca-Cola, Mercedes-Benz og Gestamp. Dei fekk bruke faget sitt i praksis, oppleve ein annan arbeidskultur og bli betre på både språk, samarbeid og sjølvstende.

Dette er ei moglegheit til å:

  • få verdifull erfaring frå internasjonalt arbeidsliv
  • utvikle deg fagleg og personleg
  • bruke engelsk i ein ekte arbeidssituasjon
  • få ei oppleving du vil hugse lenge

 

Elevar VG2 yrkesfag kan søkje. 

Det blir arrangert informasjonsmøte for dei aktuelle klassane, der du får vite meir om Erasmus+, søknadsprosessen, aktuelle fag og bedrifter.