Hopp til hovedinnhold

Fylkesmeisterskap for ungdomsbedrifter

Elevane i ungdomsbedrifta Sit Smart UB.

Skulen vår stiller i år med seks ungdomsbedrifter i Fylkesmeisterskapet for ungdomsbedrifter som går av stabelen i Førde tirsdag 15. mars. Heile veke sju blir det halde digitale intervju der dei ulike bedriftene får presentere løysinga si for ei jury med spesialkompetanse.

Sjølv om Årdal vgs er ein liten skule, er me blandt dei som er sterkast representert frå Vestland i Fylkesmeisterskapet. Knut Bordal er prosjektmedarbeidar i Ungt entreprenørskap Vestland og  gjev oss her ein liten presentasjon av dei seks ulike bedriftene som skal representera skulen vår.

Sit Smart UB frå vg2 automasjon har utvikla og laga ein prototype på ein benk som tilbyr fri wifi, samstundes som den fungerar som ein ladestasjon. Benken har universell utforming og er planlagt å stå i offentlege rom eller i tilknyting til større verksemder.

Elles deltek Smoothie UB frå helse og oppvekst med ein forretningsidé der dei sel smoothies til barne- og mellomsteget, samstundes som dei gjev informasjon om matsvinn. Produkta deira vert laga av bær og frukt som er like god, men som butikkane ikkje lenger får solgt av ulike grunnar. Dei nyttar seg av bærekraftige koppar og komposterar avfall som ikkje vert nytta i produksjon.

Me UB frå vg1 teknologi- og industrifag utviklar ulike produkt av rekved eller materiale som ikkje kan brukast i ordinær produksjon. Dei lagar eigenproduserte eggeglas, spekefjøler, lysestakar og pyntegjenstandar. I tillegg til dette lagar og sel dei ulike matrettar til tilsette og elevar ved Årdal vgs. Dei jobbar også med kunstproduksjon med hovudfokus på bilete.

Digital Læreplattform UB ( DLP) frå vg2 studieførebuande skal utvikle eit digitalt hjelpemiddel til elevar og studentar i høgare utdanning. Produktet er ei nettside der lærebedrifter skal presenterast på ein oversiktleg måte, både ved å gje informasjon til potensielle lærlingar og i tillegg ved å kunne profilere seg med kva moglegheiter dei kan tilby i eit framtidig arbeidsforhold.

GameMakers UB frå vg2 studieførebuande har som forretningsidé å utvikle, produserer og selje ulike spel tilpassa målgruppa ungdom og unge vaksne. Dei har utvikla ein prototype på eit spel som kan nyttast på vorspiel, og har eit mål om å få produktet i sal i løpet av våren.

Handtverk og Mekk UB frå teknikk- og industrikfag har som forretningsidé å utvikle ulike produkt til både bedrifter og private. I tillegg tek dei på seg reparasjonsarbeid knytt til fagområdet sitt. Dei har mellom anna utvikla ein prototype på eit nattbord med innebygd straumuttak og lyskjelde. Dei har også teikna, produsert og solgt lysestakar til Farnes Kyrkje, og utvikla eit stativ til bossekker til Årdal vgs.

Årdal vidaregåande skule ynskjer alle ungdomsbedriftene lukke til og heiar på dykk, uavhengig av korleis det går i Fylkesmeisterskapet.