Hopp til hovedinnhold

No kan skulen formidle fleire hyblar

Bygget Messa sett frå utsida med fjell i bakgrunn.

På Årdal vgs ynskjer me å bidra til at du som kjem utanbygds frå for å vere elev på skulen vår skal få ein trygg og god plass å bu medan du er her. Me samarbeidar allereie med fleire gode tilbydarar på hybelmarkedet, men komande skuleår blir tilbodet vårt endå betre. No har me inngått ein avtale som gjer at elevane våre også kan leige hyblane på "Messa".

Det kan vere spanande å flytte heimanfrå for fyste gong. Nokre gledar seg stort til å skulle klare seg sjølve, medan andre tykkjer det kan vera litt skummelt. Ut i verda utan mor og far kan by på mang ei utfordring. Korleis var det eigentlig ein kokte poteter og vaska klede? Heldigvis er svaret som oftast kun ein facetime-samtale vekke. 

For oss på skulen er det viktig at dei føresette, som trass alt sender av garde det kjæraste dei har, føler seg trygge på at de har det så godt som mogleg i Årdal. For deg som kjem hit for å gå på Årdal vgs er det ein forutsetning at du får deg ein bustad der du kan lage deg mat, studere og sove trygt og godt om natta. Utan dette som utgangspunkt vil det vere vanskeleg å få ein god start på vaksenlivet, og legge grunnlaget for vidare studier og yrkesliv. 

Alle hyblane har eige, heilflisa bad med dusj, kjøkkenkrok og stove. Nokre av dei har eige soverom, medan andre har eigen sengeplass i opphaldsrommet. "Messa" ligg i kort gangavstand til skulen opg alle andre servicetilbod i Årdal. Eilert Olsen som huseigar seier at tryggleiken til bebuarane er svært viktig for han. Heile bygget er forsvarleg brannsikra og har nyleg hatt kontroll på anlegget sitt. "Det er stille og roleg her, og me får sjeldan og aldri meldingar om noko form for bråk i bygget", seier han.

 

Det at me no kan tilby elevane våre hyblar på "Messa" har kome i stand etter gode samtalar mellom miljøkoordinator Helge Øren, JDV 2 AS som huseigar og Hydro som leigetakar. "Me ville blandt anna ha fleire einmannshyblar å tilby elevane våre, og såg at dette var midt i blinken", seier Helge Øren som er veldig nøgd med at avtalen no er i havn. Hyblane er meint å vere tilgjengelege frå haustsemesteret 2022.