Hopp til hovedinnhold

Informasjon til foreldre om Elevundersøkinga 2026

Her finn foreldre informasjon om Elevundersøkinga 2026 - kva den handlar om, kvifor den blir gjennomført og korleis resultata blir brukte for å gjere skulen betre for elevane.

Kva er formålet med Elevundersøkinga?
Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skulen, skuleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitane for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane.

Resultat frå undersøkinga kan også bli brukt til forsking, statistikk og lagring i arkiv.

Utdanningsdirektoratet publiserer statistikk frå Elevundersøking på www.udir.no 

Korleis blir undersøkinga gjennomført?
Det er frivillig for elevane å svare på Elevundersøkinga. Elevane kan også hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på.

Behandlingsansvar og personvern
Når elevane svarer på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra personopplysningar om dei. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at alle personopplysningane blir behandla i tråd med personvernregelverket.

Eleven svarar anonymt, utan namn eller personnummer. Når undersøkinga er gjennomført, blir koplinga mellom eleven og svara broten. Det er derfor vanskeleg å vite kven som har svart kva.
Ved små skular kan det likevel vere ein risiko for å kjenne att enkelte svar. Derfor har Utdanningsdirektoratet strenge reglar for korleis resultata kan visast og publiserast, slik at ingen elevar kan identifiserast. Svara blir oppbevarte så lenge det er nødvendig. 

I dei tilfella Utdanningsdirektoratet leverer ut svara til forsking, må forskarane følgje direktoratet sine reglar for behandling av data og teieplikt, og dei må skrive under på ei teieplikterklæring.

Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar
Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Elevundersøkinga er personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav g, og det supplerande nasjonale rettslege grunnlaget er forskrift til opplæringslova §19-3 og forskrift til privatskolelova §13-3.

Elevane kan ikkje krevje innsyn i, retting i eller sletting av svara, fordi svara ikkje kan knytast direkte til eleven.

Rettsleg grunnlag for forsking, statistikk og lagring i arkiv er personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav j. Personopplysningsloven §§ 8 og 9 er det supplerande nasjonale rettsgrunnlaget.

Har du spørsmål?
For meir informasjon kan ta ta kontakt med skulen eller Utdanningsdirektoratet.

Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:
Telefon: +47 23 30 12 00
E-post: post@udir.no

Du finn også mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser
Spørsmål om personvern kan rettast til Utdanningsdirektoratet sitt personvernombod på: personverombud@udir.no

Datatilsynet er klageinstans for behandlinga av personopplysningar i Elevundersøkinga. Du finn meir informasjon her.