Hopp til hovedinnhold

Føredrag om angst og OCD 3. mars.

Klara Valsvik sleit med angst og OCD i 40år. FOTO: Privat

Torsdag 3. mars kjem Klara Valsvik, Bjarne Hansen og Sidsel Myhr for å halde føredrag om angst og OCD - tvangstankar og -handlingar i kantina på skulen.

Klara Valsvik er fødd og oppvaksen i Årdal, men bur no i Stavanger. Ho hadde ein barndom prega av mobbing og merka i tidleg alder tegn til tvangstankar. Dette har prega livet hennar i stor grad.

Ikkje før Klara møtte Bjarne Hansen, professor ved UiB og psykologspesialist, klarde ho å få kontroll på tvangstankane som hadde styrt livet hennar i 40 år. Dei to kjem saman til oss for å fortelje om livet med angst og OCD, samt dialogen mellom brukar og behandlar. Dei vil også vere tilgjengelege for spørsmål undervegs. 

Føredraget er i regi av ANANKE, Norsk OCD og angstforening. Sidsel Myhr (nestleiar) vil orientere oss om kva ANANKE jobbar med og kva OCD er før ho gir ordet vidare til Klara og Bjarne.