Hopp til hovedinnhold

Utvida tilbod på skulefrukost

Fire gutar som er elevar ved skulen smiler fint til fotografen i kantina. Dei står ved sidan av langbordet der det er sett fram frukost til elevane.

På Årdal vidaregåande har vi valt å tilby elevane gratis skulefrukost to gonger i veka. Kvar tysdag og torsdag står frukosten klar til fyste friminutt.

Auka midlar

Skulefrukost har vi allereie servert i nokre år og dette verkar å vere eit tilbod elevane set pris på. Tidlegare hadde vi éin dag med havregraut og éin dag med skjever, men etter tilbakemeldingar frå elevrådet har vi dei to siste åra hatt kunn brødmat. Når vi no fekk auka midlane frå Fylkeskommunen bestemde vi oss for å utvida sortementet litt, i staden for å auke antall dagar vi tilbyr frukost. Det kan hende vi ser at midlane held til å utvide frukosten med ein dag til, men i denne omgang forsøkjer vi heller å ha litt meir å velje i og håpar dette gjer at fleire elevar blir freista til ein god og sunn start på dagen.

Større utval

Det vil bli servert brød med skinke, ost, syltetøy, smørjeostar, agurk og paprika kvar gong. Til drikke vil du framleis finne eple- og appelsinjuice og melk. I tillegg vil vi variere litt mellom å tilby til dømes yoghurt med müsli, chiapudding og smoothies. Vi tek også meir enn gjerne imot forslag til andre ting vi kan prøve ut.