Hopp til hovedinnhold

Velkomstsamling for nye hybelbuarar

Me vil gjerne møte nye hybelbuarar med føresette søndag 14. august kl 16.00 på personalrommet vårt.

For oss på skulen er det viktig at du som kjem utanbygds frå for å vere elev hjå oss skal få ein god start på tilværelsen i Årdal. Me ynskjer deg difor velkommen til enkel servering, omvisning og ulik informasjon om skulen og skuleåret som ventar deg. Dette vil vere ein god mulighet til å helse på andre elevar som er i same situasjon som deg. Nokre av dei tilsette vil også vere til stades. 

Me håpar så mange som mogleg vil kome og gledar oss til å helse på deg!

Fint om du melder på deg sjølv og evt antal føresette til enten Monika Vigdal (rådgjevar) tlf 975 92 766 eller Helge Øren (miljøkoordinator) tlf 905 11 071.