Illustrasjonsfoto

Skuleopning Årdal vidaregåande skule

Informasjon om skuleopning på Årdal vidaregåande skule

Hei, alle saman.

Me gler oss til å ta i mot dykk alle i løpet av neste veke. For å gjera dette på ein trygg og god måte må vi ta dykk inn i pulje. Me tek i mot dei resterande klassane ved Årdal vgs i denne rekkefølga:

  • Måndag 11.mai vg1 klassar  på yrkesfag
  • Tysdag 12.mai vg1 studiespesialisering
  • Onsdag 13.mai vg2 og vg3 studiespesialisering og påbyggklassen

Informasjon vert i tillegg  lagt ut på heimesida, Teams og infoskjermane på skulen. Skuleskyss vil gå som vanleg.  Dei elevane som har høve til å kome seg på skulen utan å nytte offentleg transport, gjer det.   

                                                                                                                                                                   

Velkomne.