Årdal vgs_RGB

Informasjon angåande stenging av Årdal vidaregåande skule

Her finn du litt informasjon om kva som skjer for elevane ved Årdal vidaregåande skule desse to vekene som skulen er stengt

Alle elevane har vanleg skuledag torsdag 12.mars. Frå fredag 13.mars vert skulen stengt for elevar i to veker. Alle elevar må a med alle skulebøker/pc og anna naudsynt skulemateriell heim og førebu seg på nettbasert undervisning. Skulen vert open fram til kl. 18.00 i kveld (torsdag 12.mars) for henting av bøker. 

Fredag 13. mars jobbar elevane med allereie eksisterande arbeidsplanar heime. Frå og med måndag 16.mars vert det fjernundervisning etter timeplan. Meir informasjon om nettundervisninga kjem fredag 13.mars.