- Elektro og datateknologi
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Velkommen til skulen vår
Inst i Sognefjorden, blant dalar og høge fjell, ligg nasjonalparkkommunen Årdal. Her finn du Årdal vidaregåande skule, som i dag har 155 elevar og kring 40 tilsette. Du vil finne informasjon om skulen og utdanningsprogram, både her på heimesida og i brosjyren vår.
Meiropplæring i fag frå vidaregåande skule
Dersom du har gjennomført opplæring og fått karakteren 1 eller IV i eit eller fleire fag, kan du har rett til meir opplæring i faget. Opplæringa skal føre fram mot ein ny standpunktkarakter. Dersom du ønskjer meir opplæring skuleåret 25/26, må du melde frå til oss innan 1. juli.
Skal du starte på Årdal vgs til hausten og treng ein plass å bu?
Miljøkoordinator på Årdal vgs har god kjennskap til leigemarknaden i Årdal og ønskjer å hjelpe alle som skal starte på Årdal vgs til hausten og treng ein plass å bu.Aktuelle saker
Informasjon til foreldre om Elevundersøkinga
Her finn foreldre informasjon om Elevundersøkinga 2025 - kva den handlar om, kvifor den blir gjennomført og korleis resultata blir brukte for å gjere skulen betre for elevane.

Foreldremøte VG2
Me ønskjer føresette velkomne til informasjonsmøte ved Årdal vidaregåande skule torsdag 04.09.25 kl. 18.00. Det blir ei fellesøkt i kantina med generell informasjon, deretter møter de kontaktlærarane i klasserommet.

Foreldremøte VG1 - klassar
Me ønskjer føresette velkomne til informasjonsmøte ved Årdal vidaregåande skule torsdag 28.08.25 kl. 18.00. Det blir ei fellesøkt i kantina med generell informasjon, deretter møter de kontaktlærarane i klasserommet.

Velkommen til skulestart 2025
Måndag 18.august opnar vi dørene for eit nytt og spennande skuleår - anten du er ny elev som skal ta dei første stega på vidaregåande skule, eller ein kjent elev som er klar for siste året. Vi gler oss til å fylle gangane med liv, læring og gode samt...
