Utsikt over Sogndal sentrum, Sogndalsfjorden og Stedjeåsen ein haustdal med sol.
Utsikt over Sogndal sentrum, Sogndalsfjorden og Stedjeåsen ein haustdal med sol.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring – Regional handelsføresegn

No kan du seia meininga di om handelsetablering i fylket! Utkast til regional handelsføresegn er ute på offentleg høyring fram til 31. juli.

Mål for arbeidet med ny handelsføresegn er mellom anna å styrka tettstadane våre, ikkje vera til hinder for utvikling, å redusera byspreiing og bilbruk. Vidare er det eit mål å forenkle handsaminga for kommunane, gi grunnlag for lik praktisering, mindre rom for skjønn, og eit meir føreseieleg regelverk for utbyggjarane.

Gå til skjema for høyringsinnspel

Byggjer på vedteken senterstruktur

Handelsføresegna byggjer på senterstrukturen i fylket, som er vedtatt i Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur.

Føresegna legg til rette for nytt bruksareal for handel i fylkessenter, regionsenter, senter i BAS-område, kommunesenter og lokalsenter (bygder). Dette gjeld nytt bruksareal og utvida bruksareal knytt til eksisterande bygningar for handel.

Definerer ikkje kjøpesenter

I den nye føresegna har vi gått bort frå å definere kva kjøpesenter er. Det eksisterer mange variantar av handelskonsept, og uklåre definisjonar av kva som skal reknast som kjøpesenter skapar ulik tolking av planføresegna i dag.

Faktorar som god lokalisering av handelskonsept og tydelege føringar for utforming som kan vera betre eigna for å styre mot meir berekraftig by- og tettstadsutvikling.

Arealrestriksjonar

Ny handelsføresegn har ikkje arealrestriksjon for handelsetablering innafor sentrumsavgrensinga i alle regionsenter og BAS-senter.

Kommunesenter kan etablera ny detaljhandel med inntil 2000 m2 bruksareal (BRA) utover eksisterande handel, innafor sentrumsavgrensinga.

Lokalsenter (bygder) kan etablera ny handel med inntil 1000m2 BRA utover eksisterande handel, der minst 80% av varene og omsetnaden skal vera daglegvarer.

Inndeling

Handelsføresegna består av tre kapittel:

  • Føresegnene som er juridisk bindande, jf. Plan- og bygningslova §8-5: regional planføresegn
  • Retningslinjene som er førande
  • Definisjonar som forklarar omgrep som er brukt

Gje innspel innan 31. juli

Vi ber om innspel og merknader knytt til utkastet til handelsføresegn (pdf) . Både spesielt inviterte partar og alle andre er velkomne til å kome med innspel til handelsføresegna. Høyringsfristen er 31. juli 2019.

Bruk skjemaet her på nettsida eller send e-post til post@sfj.no. Merk innspel med «e-sak 18/7724».

Send inn høyringsfråsegn til regional handelsføresegn

Høyringsfrist 31. juli 2019.





Del dette:

Tips ein ven Skriv ut